tirsdag 27. oktober 2009

Selamat malam!


Hei og hopp!

Siste kveld i Medan er topp!

Sidan sist har me vitja siste del av prosjektet; søndagsskulemateriale - i praksis! :)
Det som kanskje kunne verka som eit prosjekt me ikkje var veldig gira på, er eit knakandes bra prosjekt! Å sjå søndagsskulelærarane bruka boka me støtter flittig, og sjå kor godt borna fulgde med - var heilt fantastisk!

Måndag reiste me til Marga Utama, skulen der Nordborg har sitt prosjekt. Der i frå reiste me til Brastagi, tok inn på hotell og song karaoke til langt på natt. Arne tok av med "Let it be" - det ljoma!
I dag, tysdag, har me bestege ein vulkan - 2200m over havet. Eit utruleg syn! Det putra godt, lulkta kokt egg, var mykje røyk og forvandla sølvjuvelane til TM til brune saker. Sølv+svovel=brunt juggel.

Resten av dagen tilbragde me i varme kjelder, på eit tradisjonelt marked (der vassbøfflar hang til tørk, fluger hadde busett seg i nyslakta høner, osv...) og i ein humpebuss heimatt til Medan.

Dagen vart avslutta med samling/oppsummering og bøn hjå Birkelis. Verdig avslutning.

I morgon er det avreise frå Medan 20.35, lokal tid. Ankomst i Noreg og Framnes er torsdag ettermiddag/kveld. Looking forward, som Arne ville sagt :)

1 kommentar:

  1. Høyres fantastisk ut! Gleder meg til å høyra meir!! :D
    God tur heim, blir godt å få dåke tilbake:)

    SvarSlett