onsdag 28. oktober 2009

Foreldrehelg


No nermar foreldrehelga seg med stormskritt! Fyrstkomane laurdag brakar det laus med eit tettpakka og godt program. Det skal blant anna vera Indoløp, der ein kan springa og gjera mykje gøy, og på den måten hjelpa barna i Indonesia. :-)

Utover dagen blir det kafe, barnepass, informasjonsstand og kveldsmøte der ein kan høyra meir frå dei som har vore i Indonesia, og få oppleva korleis eit vanleg møte på Framnes er.


Velkommen til ei kjempe kjekk helg!
Program for aktivitetane til misjonsprosjektet kjem seinare, og på www.framnes.vgs.no, finn du alle fellesarrangementa.

We're leaving together!

No er det 23 minutt til me forlet herlege Medan og Indonesia, forlet deilige 30+ varmegrader, forlet mindre deilige luftfukt, forlet utruleg bra folk, forlet gode opplevingar og set oss på flyet mot Noreg. Hjem kjære hjem.

Blir bra å koma heim, men det er trist å måtta reisa. Kunne godt tenkt oss å vore her ei stund, gjerne veker og månader, til.

Me skal attende!

Snakkast på torsdag - in real life! :)

Mulig det blir litt blogging undervegs, venting på flyplassar blir det jo ein del av!

Håpar alle har det bra! :)

tirsdag 27. oktober 2009

Selamat malam!


Hei og hopp!

Siste kveld i Medan er topp!

Sidan sist har me vitja siste del av prosjektet; søndagsskulemateriale - i praksis! :)
Det som kanskje kunne verka som eit prosjekt me ikkje var veldig gira på, er eit knakandes bra prosjekt! Å sjå søndagsskulelærarane bruka boka me støtter flittig, og sjå kor godt borna fulgde med - var heilt fantastisk!

Måndag reiste me til Marga Utama, skulen der Nordborg har sitt prosjekt. Der i frå reiste me til Brastagi, tok inn på hotell og song karaoke til langt på natt. Arne tok av med "Let it be" - det ljoma!
I dag, tysdag, har me bestege ein vulkan - 2200m over havet. Eit utruleg syn! Det putra godt, lulkta kokt egg, var mykje røyk og forvandla sølvjuvelane til TM til brune saker. Sølv+svovel=brunt juggel.

Resten av dagen tilbragde me i varme kjelder, på eit tradisjonelt marked (der vassbøfflar hang til tørk, fluger hadde busett seg i nyslakta høner, osv...) og i ein humpebuss heimatt til Medan.

Dagen vart avslutta med samling/oppsummering og bøn hjå Birkelis. Verdig avslutning.

I morgon er det avreise frå Medan 20.35, lokal tid. Ankomst i Noreg og Framnes er torsdag ettermiddag/kveld. Looking forward, som Arne ville sagt :)

fredag 23. oktober 2009

Oppsummering!


Sidan me, av litt ymse grunnar (m.a. lyn og torden kvar kveld), ikkje har fått oppdatert bloggen på ei stund, fann me ut at no vart det på tide med litt nytt frå Indonesia!

Tysdag:
Dagen gjekk med til litt shopping saman med Magne. Me vitja to suvenirbutikkar og fekk med oss mykje snacks! Marit; ein del av gevinstane til lotteriet vart (kanskje) sikra her:)
I tillegg til suvenirbutikkar vitja me Medan Fair - eit stor kjøpesenter! Me rakk innom èin butikk, og der var det nok å henga fingrane i! Når kvar kunde får ca 3-5 tilsette kvar (det er ikkje få kundar, berre sjukt mange tilsette!) er det litt i overkant god hjelp å få!

Då me var ferdige tok me taxi attende, noko som alltid er spanande! Trafikken her er mildt sagt rotete! Men det gjekk fint!

Klokka fem stod me klar i finstasen, då tok me turen i 51 årsdag til ei indonesisk dame. Artig å sjå korleis bursdagen der vart feira - ganske annleis enn i Noreg! (more details later...)

Onsdag:
Krokodillepark om morgonen! Rundt 2500 krokodillar, apar og hunder i trange bur, slangar og mating av krokodillar med levande and - kjøpt av Arne som trudde den var død!... svei litt i hjarto våre då den vart frakta levande ut...
Endeleg fekk me besøka Simpai Kongsi - søppelfyllinga. Eit utruleg sterkt møte!
Først vitja me ein av stadane der folk budde. Rart å sjå at menneske lever så tett opptil boss og i trange kår. Men smila var absolutt til stades!
Då me kom ut på sjølve fyllinga vart me litt sjokka. Det var slik me hadde førestelt oss, berre verre! Det stinka, folk gjekk barbeinte rundt i søla, daue rotter låg på bakken, eldre damer som sorterte og kutta opp gamal mat for å førebu den til grisane, plast(posar) vart sorterte for å pakkast i sekkar og bli seld for ca 50 øre kiloen, og floger var overalt. Men det som nesten var verst å oppleva var inntrykket av at folk hadde mista håpet. Triste og ein god del nesten sure andlet møtte oss. Me følte osslitt uvelkomne, noko som er godt forståeleg. Me kan jo berre sitja oss innatt i bilen og køyra heimatt til eit godt hus og mat, medan dette er liva deira... Utruleg urettferdig!
Heldigvis kom det ein blid, eldre mann bort til oss. Han prata i veg, og me fekk ein god tone. Etter ei stund fann han og TM ut at dei(me) er gode vener! Kjekt med slike folk som han!

Då me var ferdige på sjølve plassen gjekk me til pastoren der ute sin heim. Der møtte me mange fantastiske barn! Utruleg kjekt å sjå kor levande og blide dei er! Ps..me er med å støtta nye leikapparat til desse barna!

Torsdag:
Me prata med redaktøren for søndagsskulebøkene me støtter! Det er eit utruleg bra prosjekt, folkens! Barna lærer at Jesus er deira ven, ikkje ein som krev at dei skal følgje all slags lover og regler. Dette er gode greier!
Me tusla vidare i gatene. Då me var på veg "down town" stoppa ein kar på motorsykkel oss og lurte på om me ville vera med på skulen hans. Det ville me jo. Så me endte opp med å ha engelskundervisning i to klassar på rundt 30 elevar kvar! Grådig kjekt!

Seinare på dagen reiste me uta att til Simpai Kongsi for å vera med på engelskundervisning med Kari-Anne. Lærerikt og fint å få vera saman med barna og hjelpa dei. Utruleg flotte barn! Gled dykk til å sjå bilete og film!! :)

Fredag:
Roleg dag. Tur på marknaden og Sun Plaza (eit GEDIGENT kjøpesenter). Me tusla litt ute, såg litt av dei negative sidene ved Indonesia - trafikkulykker og følgjene av det. Ein mann vart delja til av politiet, medan ein svær mobb med andre såg på, og ville vera med å sjå. Trist, men røynda.

Bursdagsfeiring for Elisabeth, dottera til Anethe og Per, i ettermiddag, og no står Alias for tur!

Håpar alle der heima har det bra!

Ps..høyrde de oss på møtet på onsdag?? :)

Selemat Malam

mandag 19. oktober 2009

Siste nytt - laurdag og sundag!



Hei!
No er me vel komen fram til Medan - og me har det bra!

Laurdagen gjekk med til reising. Frukost 04.30 og avreise til København litt før sju. Flyet vårt gjekk med fantastiske Singapore Airlines til Singapore - då me kom oss på flyet. Ein viss prest skulle eta hamburger og kjøpa sokkar, så enkelte andre vart ein smule stressa då det nærma seg 40min til take-off. Men, det ordnar seg for snille folk!

Dei tolv timane i lufta på tvers av fleire lande- og verdsdelgrenser gjekk veldig bra! Me såg film (masse film), spela dataspel, TM sitt nyinnkjøpte reisealias vart nytta og me tusla rundt i flyet - på do, for å rista litt laust og for å sjå ut vindauga! Forresten så gjekk Arne og TM av med sigeren i det prestisjetunge Aliasoppgjeret! Arne fiksa oss premie frå eine flyvertinna:)

Det første som møtte oss då me sette beina våre i Asia, Singapore, var ein ekstrem varme og luftfukt - rart og litt ubehageleg!

Då me kom til Medan vart me henta på flyplassen av Per Birkeli. Me hadde skaffa oss visum (for 25$, grei deal!) og vart møtt av kjekke indonesiarar som gjerne ville ha kontakt med oss.
Gårsdagen gjekk med til litt prat, litt søvn, pizza og bading på MIS (Medan International School). Flott dag, med ein tidleg kveld!

Tone Marit

fredag 16. oktober 2009

"Livets late dagar"


Etappe nummer 1 av den store reisa til hjartet av misjonsprosjektet vårt er over.
I skrivande stund sit Hallvard og Tone Marit i hotellresepsjonen på Gardermoen Airport Hotel. Her har me vore i heile dag. Me kom til Oslo litt over klokka 10 i dagtidleg og endte i grunn opp på kvar vår seng - med eigen flatskjerm og greier; og klar beskjed frå Arne om ikkje å sjå nokre "snuskete" filmar! Jaja...da han ikkje veit, har han ikkje ilt tå!

Å reisa til det store austland som bygdeungdom frå vest, er ikkje alltid berre enkelt. Me skulle ha oss ein tur inn til Oslo eller noko i dag, og skulle tilbake til flyplassen for å ta eit tog eller buss. Det var eit godt stykke lenger å gå enn det me hadde trudd - så trim, det har me fått!

Oslo fekk ikkje besøk av oss i dag, det gjorde derimot Lillestrøm! Me tusla rundt i byen, åt middag på "Minutt Hamburger", spelte Nintendo Wii på "Torvet"kjøpesenter, og kosa oss veldig. Men, det er lett å gå seg vill i Lillestrøm - sjølv om det ikkje er store byen. Så det tok oss eit par ekstra kilometer for å ta toget attende til Gardermoen. Men no er me her.

Arne er hjå slektningar, så han ser me klokka 05.45 i morgontidleg. For oss to ventar det hotellfrukost klokka 04.30 (!) og så går bussen vår 05.00. Så det blir nok eit par oppdateringar frå flyplassen i morgontidleg.

Elles er det godt å høyra at Tunisia-gjengen er vel attende på Framnes. Glad for at de har hatt ein flott tur!

Me talast ved!

Hallvard og Tone Marit

tirsdag 13. oktober 2009

Ikkje lenge att no!


No startar den snart. Turen vår til Indonesia!

På fredag sit Hallvard, Arne og eg oss på flyet til vår alles kjære hovudstad. Der blir det ein dag på byn for dei to yngste av oss, før overnattinga skjer på hotell (spørs om det blir så mykje soving, reisesjuka er nok grådig stor!)

Klokka 06.50 laurdagsmorgon lettar flyet frå Gardemoen, og klokka 07.55 sundagsmorgon (lokal tid) landar fire, trøytte, jet-lag-fulle, og nok ein smule surrete nordmenn i Medan.

Som du kanskje la merke til nemnte eg at det landar FIRE nordmenn i Medan. Me har nemleg fått med oss ein fjerde person på denne eventyrlege rerisa, nemleg Carina frå Nordborg Vgs. Det blir sikkert kjempeflott!

Underteikna er i alle fall ein smule glad for å ikkje lenger vera einaste høna i gjengen!

Eg trur eg trygt kan skriva at me alle gler oss grådig mykje til avreise no!

Følg med på bloggen - viss alt går etter planen med det tekniske skal me prøva å få til ei dagleg oppdatering:)

Me bloggast!

Tone Marit

lørdag 3. oktober 2009

Indo-løpet!!

På foreldrelaurdag 31. oktober er det klart for indo-løpet! Dette er eit løp, der kvar løpar prøver å samla inn mest mogleg pengar til misjonsprosjektet i løpet av 2 timar. På forhand er et veldig viktig at du prøver å skaffa så mange sponsorar som mogleg, som anten er med på å gje eit fast beløp eller eit beløp per runde.

Sponsorliste kan hentast rett utanfor administrasjonen dersom du ikkje allereie har fått.

Dette er ein fin moglegheit til å gjera ein god innsats for fattige born i Indonesia. Det blir flotte premiar til:

- den som spring flest rundar
- har den mest kreative bekledninga
- samlar inn mest pengar
- har kortast shorts

Løpet er på ettermiddagen på foreldrelaurdagen, tidspunktet er enno ikkje heilt bestemt. Fint om du leverer inn sponsorlista inn seinast 10 min. før løpet startar:)

Få venner, medelevar, lærarar og familie med på å sponse deg!

Dette blir GØY, GØY, GØY!

tirsdag 29. september 2009

Misjonsprosjektkomitèen


Dette er misjonsproskjetkomitéen 2009-10 (applaus)
Fra venstre øverst: Vegard Berland (panteansvarlig), Marit B. Vassli (nestleder og lotteriansvarlig), Synnøve Aarskog (bønneansvarlig)
Fra venstre nederst: Lars Bjarne Andås (panteansvarlig), Asbjørn Berland (misjonsløpansvarlig), Tone Marit H. Dyrkolbotn (lotteriansvarlig), Hildegunn Aasgård (kalenderpike), Kristin Aune (bøssebæreransvarlig), Johanne S. Nydal (sponsoransvarlig), Jostein Taule (misjonsløpansvarlig) og Hallvard Nessa (leder)
Ikke tilstede: Barbro Lindheim (bøssebæreransvarlig)

mandag 21. september 2009

Demensaksjonen 09


Fredag 25/9 oppfordes alle kjekke, flotte Framnes-ungdommer til å være med på
BØSSEBÆRING i forbindelse med Demensaksjonen 09.

Dette er en landsomspennende aksjon arrangert av Nasjonalforeningen for folkehelse, så det skjer tilsvarende bøssebæringer rundt om i hele landet. Les (trykk): Om aksjonen og Hva er demens ?


Å gå fra dør til dør som bøssebærer er veldig kjekt! Du møter masse mennesker, både gamle og søte damer og sjenerte barn i pysj, og mange hyggelige voksne som synes det er fint å gi penger til en god sak. Hvis man i tillegg går sammen med en venn så blir det bare topp.

Det samles inn utrolig mye penger på en slik aksjon, hele Kvam skal dekkes, og misjonsprosjektet skal få 15% av inntektene hvis vi stiller med 50 bøssebærere.
Dette er en knallbra deal! Så det er viktig at DU blir med, og herlig om du drar med deg så mange som mulig.

Det er altså bare å slenge navnet sitt på lista (tavla på hovedbygget) og møte opp på parkeringsplassen fredag kl 17:00. Gode sko og et vinnende smil er aldri feil. Lokallaget til Nasjonalforeningen stiller med biler, bøsser og informasjon, og kjører oss pent tilbake til Framnes kl 20:00. Kjøkkenet ordner da med utsatt kveldsmat til oss.

En fantastisk mulighet til å gjøre en god gjerning, for de gamle og senile her i Norge, og samtidig for Indonesia-barna på søpleplassen. Til slutt vil det vanke lønn i himmelen :)

tirsdag 8. september 2009

Torgdag i Norheimsund



Det vart ein vellukka torgdag 5. september i Norheimsund. Framnes og misjonsprosjektet var til stades og solgte vaflar, kaffi, saft og buttons :-) Flinke bøssebærarar var òg med, og det vart gjort ein kjempebra innsats! Nesten 7000 kr kom inn til misjonsprosjektet denne dagen, noko me er godt nøgd med!

Takk til alle som var med!







Foto: Synnøve Aarskog

Åpningsdag

Lørdag 16. august var det åpningsdag her på Framnes. Alle elever, nye og gamle, var på plass og klare til et nytt skoleår. Og da var selvfølgelig også misjonsprosjektet 09/10 i gang! Misjonsprosjektskomiteén hadde møtt opp fredag formiddag for å begynne forberedelsene og møte vår kontaktperson i NLM Bjørn Magne Heier.
Lørdagen gikk strålende bra med både kafé, informasjonsstand, barnepass, kollekt og misjonsprosjektleder Hallvard Nessa som sa litt om prosjektet på åpningsmøtet.
Flere ble faste givere og vi fikk inn nesten 20 000 kr til prosjektet! =D
Her er noen små glimt fra dagen:



Misjonsprosjektleder Hallvard Nessa




Fast givertjeneste


Lag din egen button!


Det indonesiske flagget
Foto: Tone Marit Håland Dyrkolbotn

søndag 6. september 2009

No er me i gang!

Endeleg! No er me i gang med misjonsprosjektet for framnesrussen 2009/2010!
Denne bloggen skal oppdatere deg, informere deg og glede deg :-)
Følg med!
Med venleg helsing Synnøve og Marit