fredag 23. oktober 2009

Oppsummering!


Sidan me, av litt ymse grunnar (m.a. lyn og torden kvar kveld), ikkje har fått oppdatert bloggen på ei stund, fann me ut at no vart det på tide med litt nytt frå Indonesia!

Tysdag:
Dagen gjekk med til litt shopping saman med Magne. Me vitja to suvenirbutikkar og fekk med oss mykje snacks! Marit; ein del av gevinstane til lotteriet vart (kanskje) sikra her:)
I tillegg til suvenirbutikkar vitja me Medan Fair - eit stor kjøpesenter! Me rakk innom èin butikk, og der var det nok å henga fingrane i! Når kvar kunde får ca 3-5 tilsette kvar (det er ikkje få kundar, berre sjukt mange tilsette!) er det litt i overkant god hjelp å få!

Då me var ferdige tok me taxi attende, noko som alltid er spanande! Trafikken her er mildt sagt rotete! Men det gjekk fint!

Klokka fem stod me klar i finstasen, då tok me turen i 51 årsdag til ei indonesisk dame. Artig å sjå korleis bursdagen der vart feira - ganske annleis enn i Noreg! (more details later...)

Onsdag:
Krokodillepark om morgonen! Rundt 2500 krokodillar, apar og hunder i trange bur, slangar og mating av krokodillar med levande and - kjøpt av Arne som trudde den var død!... svei litt i hjarto våre då den vart frakta levande ut...
Endeleg fekk me besøka Simpai Kongsi - søppelfyllinga. Eit utruleg sterkt møte!
Først vitja me ein av stadane der folk budde. Rart å sjå at menneske lever så tett opptil boss og i trange kår. Men smila var absolutt til stades!
Då me kom ut på sjølve fyllinga vart me litt sjokka. Det var slik me hadde førestelt oss, berre verre! Det stinka, folk gjekk barbeinte rundt i søla, daue rotter låg på bakken, eldre damer som sorterte og kutta opp gamal mat for å førebu den til grisane, plast(posar) vart sorterte for å pakkast i sekkar og bli seld for ca 50 øre kiloen, og floger var overalt. Men det som nesten var verst å oppleva var inntrykket av at folk hadde mista håpet. Triste og ein god del nesten sure andlet møtte oss. Me følte osslitt uvelkomne, noko som er godt forståeleg. Me kan jo berre sitja oss innatt i bilen og køyra heimatt til eit godt hus og mat, medan dette er liva deira... Utruleg urettferdig!
Heldigvis kom det ein blid, eldre mann bort til oss. Han prata i veg, og me fekk ein god tone. Etter ei stund fann han og TM ut at dei(me) er gode vener! Kjekt med slike folk som han!

Då me var ferdige på sjølve plassen gjekk me til pastoren der ute sin heim. Der møtte me mange fantastiske barn! Utruleg kjekt å sjå kor levande og blide dei er! Ps..me er med å støtta nye leikapparat til desse barna!

Torsdag:
Me prata med redaktøren for søndagsskulebøkene me støtter! Det er eit utruleg bra prosjekt, folkens! Barna lærer at Jesus er deira ven, ikkje ein som krev at dei skal følgje all slags lover og regler. Dette er gode greier!
Me tusla vidare i gatene. Då me var på veg "down town" stoppa ein kar på motorsykkel oss og lurte på om me ville vera med på skulen hans. Det ville me jo. Så me endte opp med å ha engelskundervisning i to klassar på rundt 30 elevar kvar! Grådig kjekt!

Seinare på dagen reiste me uta att til Simpai Kongsi for å vera med på engelskundervisning med Kari-Anne. Lærerikt og fint å få vera saman med barna og hjelpa dei. Utruleg flotte barn! Gled dykk til å sjå bilete og film!! :)

Fredag:
Roleg dag. Tur på marknaden og Sun Plaza (eit GEDIGENT kjøpesenter). Me tusla litt ute, såg litt av dei negative sidene ved Indonesia - trafikkulykker og følgjene av det. Ein mann vart delja til av politiet, medan ein svær mobb med andre såg på, og ville vera med å sjå. Trist, men røynda.

Bursdagsfeiring for Elisabeth, dottera til Anethe og Per, i ettermiddag, og no står Alias for tur!

Håpar alle der heima har det bra!

Ps..høyrde de oss på møtet på onsdag?? :)

Selemat Malam

5 kommentarer:

  1. Det høres ut som dere har det bra, og at dere får oppleve utrolig mye!
    Gleder meg til å høre mer fra dere;)

    Vi tenker på dere og ber for dere. Lykke til videre på turen!

    SvarSlett
  2. Vi gleder oss stort til dere kommer hjem og forteller mer fra turen! :D

    SvarSlett
  3. Utrolig kjekt å få høre så mye om hva dere har opplevd! Blogg er virkelig en genial oppfinnelse:D Henger meg på Johanne og Barbro: Gleder meg utrolig til å få høre mer, og ikke minst se bilder, når dere kommer tilbake! (Når kommer dere forresten?)

    Gleder meg og Johanne stort å høre at dere kanskje har sikret en del gevinster! Vi skal ut å samle inn gevinster senere i dag, i Norheimsund og Øystese=)

    Jeg vet ikke om dere har hørt at vi (russen) skal arrangere møte på kvelden på lørdagen i tillegg til fellesmøte? Da får vi mer tid til misjonsprosjekt, spesielt dere, hvis dere vil fortelle enda mer om turen? Og vi får vist foreldre og familie hvordan møte vi har på Framnes pleier å være:)

    Dere må nyte de siste dagene og ha en trygg og god tur hjem igjen!
    Stor klem til alle sammen:)

    SvarSlett
  4. Tithei!
    Kjekt at de føl med oss! :)
    Me gler oss til å fortelja dykk om alle opplevingane me har hatt her nede - dei er så ekstremt mange og gode!
    BLir godt å sjå dykk att òg:)

    Me har kapra ein god del gevinstar! Supert at de skal/har samla inn òg! KOrleis går det elles med planlegginga av foreldredagen? Me syns eigentleg at det er heilt greitt å vera her nede, og vita at de tek dykk av all planlegginging! De er flinke! :)

    Me er klare for å fortelja om prosjektet på møte om kvelden! Ekstremt gira! :D

    Me reiser i morgon (onsdag) kveld, og er framme torsdag ettermiddag/kveld - norsk tid. Og me er veldig klare for velkomstparty med brownies, is og kaffi! Ved bommen! :D

    Klemmar frå Hallvard og Tone Marit, m/følgje

    SvarSlett