fredag 16. oktober 2009

"Livets late dagar"


Etappe nummer 1 av den store reisa til hjartet av misjonsprosjektet vårt er over.
I skrivande stund sit Hallvard og Tone Marit i hotellresepsjonen på Gardermoen Airport Hotel. Her har me vore i heile dag. Me kom til Oslo litt over klokka 10 i dagtidleg og endte i grunn opp på kvar vår seng - med eigen flatskjerm og greier; og klar beskjed frå Arne om ikkje å sjå nokre "snuskete" filmar! Jaja...da han ikkje veit, har han ikkje ilt tå!

Å reisa til det store austland som bygdeungdom frå vest, er ikkje alltid berre enkelt. Me skulle ha oss ein tur inn til Oslo eller noko i dag, og skulle tilbake til flyplassen for å ta eit tog eller buss. Det var eit godt stykke lenger å gå enn det me hadde trudd - så trim, det har me fått!

Oslo fekk ikkje besøk av oss i dag, det gjorde derimot Lillestrøm! Me tusla rundt i byen, åt middag på "Minutt Hamburger", spelte Nintendo Wii på "Torvet"kjøpesenter, og kosa oss veldig. Men, det er lett å gå seg vill i Lillestrøm - sjølv om det ikkje er store byen. Så det tok oss eit par ekstra kilometer for å ta toget attende til Gardermoen. Men no er me her.

Arne er hjå slektningar, så han ser me klokka 05.45 i morgontidleg. For oss to ventar det hotellfrukost klokka 04.30 (!) og så går bussen vår 05.00. Så det blir nok eit par oppdateringar frå flyplassen i morgontidleg.

Elles er det godt å høyra at Tunisia-gjengen er vel attende på Framnes. Glad for at de har hatt ein flott tur!

Me talast ved!

Hallvard og Tone Marit

3 kommentarer:

  1. Kjekt at dåke bloggar! Gleder meg til å følga dåke på turen :)
    God tur, og god natt!
    Guds velsignelse over natt og reise

    SvarSlett
  2. Høres veldig bra ut!
    Hvis dåkk klare å gå dåkk vill i Lillestrøm, så e æ spent på å hør koss det går i Indonesia;)
    Lykke til videre!

    SvarSlett