mandag 19. oktober 2009

Siste nytt - laurdag og sundag!



Hei!
No er me vel komen fram til Medan - og me har det bra!

Laurdagen gjekk med til reising. Frukost 04.30 og avreise til København litt før sju. Flyet vårt gjekk med fantastiske Singapore Airlines til Singapore - då me kom oss på flyet. Ein viss prest skulle eta hamburger og kjøpa sokkar, så enkelte andre vart ein smule stressa då det nærma seg 40min til take-off. Men, det ordnar seg for snille folk!

Dei tolv timane i lufta på tvers av fleire lande- og verdsdelgrenser gjekk veldig bra! Me såg film (masse film), spela dataspel, TM sitt nyinnkjøpte reisealias vart nytta og me tusla rundt i flyet - på do, for å rista litt laust og for å sjå ut vindauga! Forresten så gjekk Arne og TM av med sigeren i det prestisjetunge Aliasoppgjeret! Arne fiksa oss premie frå eine flyvertinna:)

Det første som møtte oss då me sette beina våre i Asia, Singapore, var ein ekstrem varme og luftfukt - rart og litt ubehageleg!

Då me kom til Medan vart me henta på flyplassen av Per Birkeli. Me hadde skaffa oss visum (for 25$, grei deal!) og vart møtt av kjekke indonesiarar som gjerne ville ha kontakt med oss.
Gårsdagen gjekk med til litt prat, litt søvn, pizza og bading på MIS (Medan International School). Flott dag, med ein tidleg kveld!

Tone Marit

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar