tirsdag 13. oktober 2009

Ikkje lenge att no!


No startar den snart. Turen vår til Indonesia!

På fredag sit Hallvard, Arne og eg oss på flyet til vår alles kjære hovudstad. Der blir det ein dag på byn for dei to yngste av oss, før overnattinga skjer på hotell (spørs om det blir så mykje soving, reisesjuka er nok grådig stor!)

Klokka 06.50 laurdagsmorgon lettar flyet frå Gardemoen, og klokka 07.55 sundagsmorgon (lokal tid) landar fire, trøytte, jet-lag-fulle, og nok ein smule surrete nordmenn i Medan.

Som du kanskje la merke til nemnte eg at det landar FIRE nordmenn i Medan. Me har nemleg fått med oss ein fjerde person på denne eventyrlege rerisa, nemleg Carina frå Nordborg Vgs. Det blir sikkert kjempeflott!

Underteikna er i alle fall ein smule glad for å ikkje lenger vera einaste høna i gjengen!

Eg trur eg trygt kan skriva at me alle gler oss grådig mykje til avreise no!

Følg med på bloggen - viss alt går etter planen med det tekniske skal me prøva å få til ei dagleg oppdatering:)

Me bloggast!

Tone Marit

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar